Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

Heim  Eigenproduksjon  Dyrke  Høns  Kaniner  Utstyr  Lenkjer

 

       Vekstskifte:

       Dyrk ikkje dei same grønnsakene på same stad år etter år. La det helst gå minst fire år før ein grønnsak kjem attende på same stad. Det er den beste måten å forebyggje plantesjukdommar og angrep av insekt som overvintrar i jorda. 

       Del inn plantene i fire grupper etter kor næringskrevjande dei er. T.d.:

1. Store krav: gresskar, kål, purre, agurk

2. Middels krav: lauk, rotvekstar, dill og persille

3. Små krav: potet

4: Nitrogenfikserande: bønner, erter og andre belgvekstar

Gje mest gjødsel i gruppe 1 og minst gjødsel i gruppe 4.

       Lag eit system -del t.d. din tidlegare plen i fire deler- der plantene vert flytta rundt i rekkefølgja nemnd over.

På den jordlappen der du har lauk m.m. første året vil rekkefølgja bli slik:

1. året: lauk, rotvekstar, dill, persille

2. året: potet

3. året: bønner, erter, andre belgvekstar 

4. året:  gresskar, kål, purre, agurk

5. året: lauk, rotvekstar, dill, persille

Spinat- og salatplanter treng ikkje å vere med i vekstskiftesystemet og kan dyrkast kor som helst. Fleirårige grønnsaker, t.d. ramslauk, vert dyrka for seg sjølv.

 

 

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013