Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                  Archie Duncanson

Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer

 

       Rotvekstar som dyrefôr:

Rotvekstar  er energirike og smakfulle og passar godt som ”kraftfôr” til kanin, småfe og storfe.

8 kg kålrot inneheld like mykje energi som 1 kg kraftfôr.

      Jordskokk vert dyrka nesten som potet, men knollane kan med fordel liggje i jorda over vinteren.               Heile planta kan nyttast som dyrefôr.

 

Avling:

Rotavling opptil 8 kg/kvm, bladavling opptil 3 kg/kvm.

Rotvekstane inneheld mykje væske og er difor supre som fôr i frostperiodar når vatnet frys. Næringa finnes i tørrstoffet (TS) og TS-innhaldet ser du under:

Neper:  0,8 kg TS/kvm.

Kålrot: 1 kg TS/kvm.  

Beter: 1,2 kg TS/kvm  (opptil 1,8 kg TS/kvm på Jæren).

Det er vanleg å oppgje avling pr daa (dekar=1000 kvm), men eg har rekna det om til kvm slik at det er lettare å sjå for seg for dei som har mindre eigedomar eller dyrkar i kassar.

Den norske sommaren er for kort til å så beter direkte på friland. Ein kan drive fram småplanter i drivhus som ein så plantar ut.

 

Krav til jord:

Neper set minst krav til jord.

Kålrot  set litt større krav til jord, likar litt tyngre (tørkesterk) jord.

Beter vil helst ha ei varm, djup, moldrik jord (ikkje myr) i god næringstilstand.

God jordfukt. Ph 6 – 7.

 

Gjødsling:

Husdyrgjødsel blir særs godt nytta av rotvekstar og ein nyttar difor 6 – 8 kg/kvm.

 

 

 

Til topp

 

Cathrine Jacobsen, 2013