Kulturlandskapet er alt landskap påverka av menneske. Endringane i kulturlandskapet er store. Mykje av det gamle kulturlandskapet er i ferd med å forsvinne. Ei rekkje planter, insekt og dyr vil forsvinne med kulturlandskapet om det ikkje vert skjøtta. 

 

Oppgave i kulturlandskap.

 

1.    Ta for deg hjemgården eller enn annen gård som du kjenner til. Lag en beskrivelse av kulturlandskapselementene på gården. 

 

    På garden finst ein gammal steingard som skil innmarksbeitene frå utmarka i nord. Steingarden fortset inn på nabogardane i vest og aust. 450 meter av steingarden ligg på vår eigedom. Denne steingarden er stort sett i bra stand, med unnatak av eit par stadar der stein har rasa ut.

 

    Ein annan steingard skil innmarksbeitene våre frå innmarksbeitene til nabogarden i søraust. Denne er 180 meter lang. Denne steingarden er låg og i dårleg stand.

 

    Ein 350 meter lang bekk renn gjennom innmarka, delvis langs sistnevnte steingard.

 

    På garden finst òg ein gammal jordkjellar. Denne manglar dør, men er ellers i god stand.

 

    Løemuren er tørrmura og i god stand.

 

    Tuntreet er eit stort villmorelltre. Det er noko skeivt og usymmetrisk. Ein del greiner kom i konflikt med vegen fram til huset, samt med leidningar, og vart difor saga av.

 

  

 

    50 dekar er dyrka mark eller kulturbeite. Dette vert skjøtta med gjødsling, beiting og slått.

 

    200 dekar utmark er skrinn fastmark som hovudsakleg er kystlynghei. Denne utmarka har ikkje vore skjøtta på mange år.

 

   

 

2.  Eks: kantsoner, åkerreiner, dammer, vannveier, steingarder, styvingstrær, åkerholmer, trerekker, aller og lignende. Biologisk mangfold og kulturminner. 

3.   Du kan illustrere dette med bilder, skisser og kart fra kommunen.

 

Gardskart frå Skog og Landskap

 

4.  Drøft de ulike funksjonene og betydninger de ulike elementer har for vilt, fugl, insekter og planter(biologisk mangfold).

 

    Steingardane fungerer som ly og reirplass for først og fremst småfugl, men også vilt, insekt og planter kan finne ly ved ein steingard.

 

    Bekken og kantane rundt fungerer som levestad for både aure, fugl, insekt og planter.

 

    Jordkjellaren er eit verdifullt kulturminne, og ei fysisk lenkje til dei som var her før oss. Kva funksjon jordkjellaren evt har for dyre- og plantelivet er eg usikker på. På jordkjellartaket veks det tørkesterke planter og rundt kjellaren finst det heile 4 maurtuer.

 

    Løemuren fungerer som både ly og reirplass for småfuglane, og ulike typar lav veks på steinane.

 

    Tuntreet er fullt av summande insekt i bløminga, og skjora har reir der ho kvart år rugar fram nye generasjonar.

 

    Kulturbeitet og enga er stadar der fuglane og tidvis viltet finn mat. Opne landskap med dyr på beite er også noko me menneske set pris på.

 

    Kystlyngheia er viktig for røsslyngen. Mange andre artar finst òg i kystlyngheia. Av vilt finst m.a. hare, hjort og rådyr. Desse søkjer ly mellom brakar og store stein i skråningane.

  

5.  Lag en oversikt over hvilke tiltak som bør settes i verk for å opprettholde og eventuelt forberede kulturlandskapet.

 

Tiltak ein kan gjera for å ta vare på steingardar og miljøet rundt:

Slått eller beite. Ein må slå graset ein gong i året i slutten av juli til august. La dyra beite tett inntil muren slik at vegetasjonen kan haldast kort om hausten.

Årleg rydjing. Ein må rydja bort nye skot frå røter og stubbar langs steinmuren kvart år. Røter frå store tre kan gjera at muren rasar saman. 

Sprøytefri kantsone. Åkermark som går heilt inntil steinmuren bør ha ei sprøytefri kantsone..

Vedlikehald. Steinar kan rasa ned og må leggjast på plass. Steinar som held på å gli ut må dunkast på plass..

• Grinder må haldast vedlike. Ferdsla gjekk gjennom grinder i steingarden. 

 

          Bekken vert bevart som han er. Å leggje bekken i røyr i dyrkingsområda ville ha ført til øydelegging av kulturlandskapet, tap av biologisk mangfald og auka erosjon.

 

     Jordkjellaren skal takast i bruk som lagringsplass for årets og framtidige års potetavling. Eg må lage ei isolert dør med karm, samt setje inn kassar som syt for nok luftgjennomstrøyming mellom potetene. Maurtuene på utsida av jordkjellaren håpar eg ikkje blir noko problem, eg får prøve å halde kjellaren tom for poteter medan mauren er aktiv i sommarhalvåret.

 

 

Løemuren er tilnærma vedlikehaldsfri. Om stein skulle løsne og skli ut må ein dunke dei på plass att.

 

 

Tuntreet bør erstattast den dagen det veltar.

 

 

Innmarka vert skjøtta med slått, beiting og uttak av ved kvart år.

 

 

    Utmarka skal etterkvart gjerdast inn slik at det går an å sleppe sauer på beite der. Å sleppe sauer der utan gjerde går dessverre ikkje, då vil sauene stå heime i tunet -eller i naboen sin hage- innan kort tid.

    Røsslyngen bør i kombinasjon med beiting skjøttast med lyngbrenning og evt lyngslått. Eksisterande lyng er høg og buskaktig og dårleg eigna som vinterbeite.

 

 

    Styvingstre finnes det ikkje på garden, men eg ynskjer å etablere styvingstre av selje. Både tørka seljeblad og fersk seljebark er godt dyrefôr.

 

 

    Tiltak som allereie er sett i verk:

    Rydding av skog og kratt, inngjerding og bruk av areala til slått og beite for sau og hest. Totalt 50 dekar er no dyrka mark eller kulturbeite.

 

 

6.  Ta hensyn til tilgjengelig arbeidskraft, mulighet til samarbeid, årstid, kostnadsoverslag og tilskuddsmidler.

    Lyngbrenning krev at fleire er med. Eg ville først ha kontakta Brannvesenet og høyrt om dei var interessert i å ha brannøving i utmarka. Om ikkje Brannvesenet ville ta seg av lyngbrenning ville eg ha kontakta folk som har erfaring med lyngbrenning og evt ha dratt til Lyngheisenteret på Lygra for kursing.

      Når ein etterkvart har fått skjøtta lyngheiene slik at all vegetasjon er låg kan ein svi litt lyng kvart år ved hjelp av familie og vener.

 

      Ein kan søkje regionale miljøtilskot. Kvart enkelt fylke har si eiga ordning med tilskot til lokalt prioriterte miljøtiltak. Dette tilskotet må ein søkje om på eigne skjema ein får hos kommunen. Ein finn også informasjon om dette hos Fylkesmannen.

 

     Spesielle miljøtiltak i jordbruket: Ein kan søkje om såkalla SMIL-midlar. Formålet er å ivareta natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapa til jordbruket, samt redusere forureininga frå jordbruket, utover det som blir forventa gjennom vanleg jordbruksdrift. Eit viktig siktemål med ordninga er å få til ein meir målretta innsats med utgangspunkt i lokale behov, utfordringar og målsetjingar.

 

     Me søkte, og fekk, nokre SMIL-midlar til rydding og inngjerding av beite for nokre år sidan. Når ein lagar kostnadsoverslag i samband med slike søknadar må ein ha med kostnader til innkjøp av gjerdemateriell, drivstoff til motorsag og traktor, eige arbeid m.m. Ein kan ikkje rekne med å få dekkja alle kostnadane.

 

          Kjelder:

Direktoratet for naturforvaltning

Skog og Landskap

Statens landbruksforvaltning, Kulturlandskap

"Utmark og kulturlandskap", Øyvind Stranna Larsen

"Skjøtselboka", Landbruksforlaget

 

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013