Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

 Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer   

 

       Smaken av det gode liv

      Eg har no gleda av å tilby mategg frå høns som lever det gode liv. Høns som veit korleis både grønt gras og meitemark smakar og som elskar solskinnsdagar.

       Eggsalet er registrert hos Mattilsynet. Egga er ikkje gjennomlyste, men eg sel kun reine, ferske egg som du trygt kan ete med godt samvit.

      

           

        

       Eg sel også rugeegg, kyllingar og høns om eg har nokre til overs. Ellers kan eg ruge fram kyllingar til dei som er interesserte. Eg satsar på verpehøner som legg grøne egg, og alle kyllingane herfrå har mykje av rasen "isbar" i seg.

Prisar pr stk, 2013: 

Mategg: 3,- 

Rugeegg: 10,-

Daggamle kyllingar: 50,-

Kjønnsbestemte hønekyllingar: 100,-

Verpehøner: 150,-

Hane kan du få med på kjøpet.

     

       Litt historie:

       Mai 2010 kom dei første kyllingane til gards og januar 2011 kom dei første egga.

 

Fotbefjæra (mille fleur) og dvergkochin, januar 2011.

    Sommaren 2011 bytta eg dverghønene i litt større høns. Eg kjøpte også rugeegg som eg fekk tilsendt i posten. Dessverre mista eg alle postegg-kyllingane i eit minkangrep.

       I dag finnes det maran, araucana, isa warren, isbar og grønverparblandingar på garden.  

Eg har også redda nokre burhøns frå gasscontaineren. Desse vart rehabilitert og flytta til ein ny heim der dei no syt for ferske egg på frukostbordet.

      

       I slutten av april hentar eg nye burhøns som skal få oppleve sommaren i det fri.

 

Oransjehalsa italienar med sine to marankyllingar, sommaren 2011.

 

 

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013