Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                Archie Duncanson

Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer

 

       Potet:

 

Meir kortreist og miljøvennleg blir det ikkje: Mandelpoteter og Berber tidlegpoteter rett frå eigen åker.

 

          Ei potet blir raskt til ti! Du treng ingen gard for å dyrke eit årsforbruk av poteter til ein heil familie. Sjå eksempelet under:

       Familien på 4 et tilsaman 0,6 kg poteter kvar dag. På eit år vil dei trenge 220 kg matpoteter + 22 kg setjepoteter, tilsaman 242 kg. Ein reknar ei avling på 3 kg poteter pr kvm, dvs at dei treng 80 kvm for å dyrke sitt årsforbruk. Dersom dei har god appetitt og et det doble vil dei trenge dobbelt så stort areal, dvs 160 kvm potetåker.  

       Du kan dyrke poteter "kor som helst", f.eks på bakken, i komposthaugen, i kassar eller i gamle bildekk. Er dette med bildekk nytt for deg kan du gå inn på youtube og søkje "how to grow potatoes in tyres".

       Poteter veks i all slags jord og i organisk materiale som hageavfall og strøblanda husdyrgjødsel.

       Poteter er ikkje glade i klor, så ikkje dyrk potetene i grøftekanten av veg som vert salta. Pga m.a. klorinnhaldet skal ein heller ikkje gjødsle for sterkt med husdyrgjødsel, max 2-3 kg pr kvm (hønsegjødsel 1 kg/kvm). Har ein strøblanda hestemøkk eller kaninmøkk kan ein derimot dyrke poteter rett i møkkahaugen.

 

       Ein må ta sine forsiktighetsreglar for å ikkje få potetavlinga si øydelagd av sjukdommar. Tørråte er den viktigaste potetsjukdommen. FredTørråten er skuld i at 1 million irar svalt ihjel på 1800-talet og at 1,5 millionar utvandra frå Irland.Fred 

 

       Slik kan du gjere:

  • Kjøp smittefrie, statskontrollerte, setjepoteter første året. Desse får du m.a. kjøpt på Felleskjøpet. Å bruke utanlandske matpoteter frå butikken som setjepoteter kan i verste fall føre til at nye sjukdommar vert spreidd og øydelegg for norske potetprodusentar.
  • Bruk berre friske poteter om du brukar setjepoteter av eiga avling.
  • Legg setjepotetene til lysgroing ca 4 veker før setjing.
  • Vent til jordtemperaturen er minst 8 grader. 
  • Gjødsle om naudsynt og grav ned potetene så dei har eit 7 cm tjukt jordlag over seg. Ca 30 cm mellom kvar potet i rada og 70 cm mellom radene er vanleg, men valfritt. Kort setjeavstand og store setjepoteter gir små poteter.
  • Hypp potetene 2 - 3 gonger i laupet av sommaren. Du kan anten rake meir jord opp på radene eller fylle på med meir organisk materiale frå hagen. Hypping hindrar lys i å øydeleggje dei nye knollane og det vert også danna fleire røtter/nye knollar i jorda. Hypping hindrar også tørråtesporar frå blada i å kome i kontakt med knollane.
  • Slå og fjern potetriset 2 veker før opptak slik at ikkje evt tørråtesporar på lauvet smittar potetene under opptak. Fjern også riset om du ser teikn på tørråte tidlegare i sesongen. 
  • Ta opp potetene under mest mogleg tørre forhold og ved jordtemperatur over 8 grader. La fuktige poteter tørke før lagring.
  • Lagre helst ved høg luftfuktigheit og temperatur på 4 grader.

Andre tiltak for å unngå sjukdommar:

  • Vekstskifte. Ikkje ha potetåkeren på same stad år etter år.
  • Dyrk tidlegpoteter.
  • Vel sjukdomsresistente sortar.

 

Under finn du ei oversikt over ulike potetsortar og eigenskapar. På side 5 er det oversikt over sjukdomsresistens.

FredPotetsortarFred

 

Til topp

 

Cathrine Jacobsen, 2013