Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

Heim  Eigenproduksjon  Dyrke  Høns  Kaniner  Utstyr  Lenkjer

 

Bli med meg på ei to minutt lang reis før du les vidare! 

FredHer startar reisa vårFred

          "Questions of science, science and progress, dont speak as loud as my heart"

 

          Å produsere sin eigen mat:              

          Målet er å skape eit lite økosystem der næringsstoff blir produsert og resirkulert i vår eigen hage. Innkjøp av ressursar (såvarer, jord, gjødsel m.m.) vert redusert til eit minimum og behovet for den kommunale biodunken fell vekk. Du og eg sparar pengar, og ikkje minst sparar me Moder Jord for forureining og tapping av ressursar.

FredKompostering av matavfallFred

          Har du "berre" ei vanleg tomt? Ja, då har du mange moglegheiter når det gjeld produksjon av eigen mat. Her er ei skisse som viser gjennomsnittleg årleg matproduksjon på ei tenkt tomt i eit bustadfelt. Gjennomsnittleg fordi avlinga varierer frå år til år etter alder på frukttre/buskar, temperatur/vêr, jordsmonn/gjødsling, alder på hønseflokken m.m.:

     

          Info om avling kg/kvm er henta frå "Handbok for driftsplanlegging 2012/2013" og omrekna frå tonn/daa, samt frå Google.

          Her er 3 avlskaniner -ein hann og to hoer- som får 2 kull kvar om våren. I sommarhalvåret bur både avlskaninene og ungdyra(slaktekaninene) i beitebur. Beitebura vert flytta rundt på grasgongane på tomta, så her trengs ingen grasklyppar. Gulrotlauv og stenglar og blad på jordskokk og erter er også god kaninmat. 

          To hønsegardar er gjerda inn. På teikninga her har hønene tilgong til luftegarden i vest. Neste år byter ein slik at hønene kjem til ein rein luftegard full av mark og evt grønnsaksrestar. Grønnsakene dyrkar ein då der hønene har brukt det siste året på å gjødsle og reinske vekk ugras.

          Inne i hus er det m.a. tomatplanter i vindaugene og bønnespirer/alfalfaspirer på kjøkkenbenken. Desse gjev avling året rundt.

          To personar bur her og dei er sjølvforsynt med egg, kjøt, poteter, grønnsaker, frukt og bær. Dei produserer faktisk meir egg og lauk enn dei treng sjølv. Overskotet bytar dei med naboen som har drivhus, og dei får variert og "eksotisk" mat i byte.  Dei har også moglegheit for større og meir variert avling på eiga tomt, anten ved å setje opp eit drivhus eller ved å utnytte plassen betre. Desse to har valt å ha eit lågt kjøttforbruk, dei et 50g reint kjøt kvar pr dag. Skulle dei ynskje meir kjøt kan dei setje fleire kull på kaninene. Her er også moglegheiter for kjøt av både høns og kylling.

          Dette er berre eit enkelt forslag. Moglegheitene er uendeleg mange! Kva vil du produsere på di tomt? Send meg gjerne teikningar/bilder av dine idèar eller løysingar som du vil dele med andre! Mi e-postadresse er cathrine.jacobsen@live.no.

          Når det gjeld å slakte og ete eigne dyr kan det vere ein treng litt tid til å venje seg til tanken. Med aukande interesse for og kunnskap om matproduksjon vil dei fleste sjå at eigen produksjon av kjøtet vert det beste valet, både mtp miljø og dyrevelferd.

          Når det gjeld dyrking av poteter og grønnsaker må ein prøve å få til eit fireårig vekstskifte. Les meir om EmojivekstskifteEmoji

EmojiKor stor avling ulike vekstar gjev pr kvm kan du finne meir om herEmoji

 

          "Garden Girl TV" anbefalast på det varmaste! : Smarte løysningar for dyrking og dyrehald som vil passe i dei fleste hagar. " The Garden Girl" har laga instruksjonsvideoar som viser korleis du kan gjere det meste. I klippa under ser du korleis ho bruker plantekassar, i kombinasjon med å ha husdyr der. Med desse løysningane treng ein ikkje bruke tid og krefter på å gjere reint hos dyra eller gjødsle jorda.

FredRaised Beds in the CityFred

Fred"Chicken Tractor"Fred

         

 Her kan du sjå og lese om kva dei har fått til i Texasbyen i Haugesund:

 

                                                  FredTexasbyen i HaugesundFred             Foto: Turid Solgård 

 

 

Dokumentaren "Matvareindustriens hemmeligheter" (originaltittel "Food Inc") som blei vist på Nrk2 tidlegare, er ein film alle burde sjå! Når du har sett filmen skjønar du kvifor du må byrje å bry deg om kor maten kjem frå, kvifor du bør produsere mat sjølv og kvifor du bør velge norsk når du handlar på butikken. Medan eg har arbeidd med denne nettsida har filmen "Food Inc" blitt utilgjengeleg på både Youtube og Vimeo. Ved å gå på Youtube og søkje "Food Inc 2008" finn du filmen på andre språk, samt forteljinga bak filmen, men eg finn dessverre ikkje fullversjonen på engelsk i dag.

FredHer er den offisielle Food Inc trailerenFred

Sjå traileren, og sjå heile filmen om du har moglegheit. Det er ein viktig film! Det kan vere lett å tenkje at dette angår ikkje meg. "Eg bur i Noreg og alt er så mykje betre her." Jovisst, i Noreg får du kjøpt kjøt frå lam som har beita lukkeleg i rein natur, men du får også kjøpt kjøt frå kylling som har levd i mørke og skit. Valget er ditt! "Dine penger er dine stemmesedler!"

             

Norske lam veks opp på beite saman med mødre og leikekameratar.

 
 
 
Cathrine Jacobsen, 2013