Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

 Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer

 

          Høns i hagen:

          Gjødsel          Egg          Kjøt

                        

Byt ut produkt frå fjærfeindustrien med eigne produkt frå hagen!: Egg og kjøt frå lukkelege, sunne dyr. 

 

          Matavfall vert til førsteklasses gjødsel i rekordfart om du har nokre høns! Høns er "altetande". Matrestar, frø, grønne plantedelar, meitemark og småkryp er alle ingrediensar i "det gode hønseliv" og kan i sommarhalvåret gje hønsa alt dei treng av næring. I vinterhalvåret er det ei grei forsikring å gje fri tilgong til kjøpefôr fram til ein har lest seg opp på fôring og kan lage si eiga fôrblanding med kortreiste ingrediensar. Om du ikkje har moglegheit til å produsere hønsefôret sjølv, så er det uansett eit mykje meir miljøvennleg og dyrevennleg alternativ å ha hagehøns enn å kjøpe fjærfeprodukt frå industrien.  

          Sjølv har eg foreløpig ikkje nok kunnskap om og erfaring med fôring av høns til å lage ei eiga side om dette. Ho kjem etterkvart.

 

Eggeskal frå matlaginga vert tørka under vedomnen, knust og gitt tilbake til hønene som kalktilskot.

 

          Skal du kjøpe dine første høns og har begrensa areal kan nokre dverghøns vere ein fin start. Sjølv har eg hatt dvergkochin og fotbefjæra dverg (mille fleur) som var trivelege høns og gode eggleggjarar. Dvergkochin er også svært rugevillig og tek gjerne ansvar for fornying av flokken.                                                                                                                                                                 Ellers har eg berre positiv erfaring med lynnet på alle rasane eg har blitt kjent med. Lever dei under gode forhold så oppfører dei seg deretter!

Mine første dverghøns, "mille fleur" og dvergkochin

 

          Det finnes fleire måtar å fornye hønseflokken på:

  • Flokk med høner og hane, der nokre av hønene ruger fram kyllingar sjølv.
  • Flokk med høner og hane + ein rugemaskin om hønene ikkje er av den rugevillige sorten.
  • Kjøpe rugeegg av andre og leggje i rugemaskinen. Rugeegg kan sendast i posten om du ikkje finn det du leitar etter i nærleiken.
  • Kanskje har du rugevillige høns, men ingen hane (dvs ingen befrukta egg). Då kan du kjøpe rugeegg og leggje under desse klukkhønene.
  • Kjøpe kyllingar frå andre som har høns som hobby. Her -samt i alternativa over- vil det truleg komme ein del hanekyllingar. Desse er flott mat om dei vert slakta etterkvart som dei byrjar å gale. Greier du ikkje å sjå for deg dyra i hagen som mat bør du velje eit av alternativa under.
  • Kjøpe unghøns frå andre som har høns som hobby.
  • Overta "gamle" produksjonshøns frå industrien. Desse vert bytta ut (avliva og destruerte) når dei er rundt 72 veker gamle og er i ferd med å ta sin første verpepause. Etter ein liten pause vil dei takke deg for sitt nye liv ved å gje deg rikeleg med egg. I desse dagar med overproduksjon av egg vert òg ein del besetningar førtidsslakta medan dei framleis er i sin mest produktive alder.
  • Kjøpe verpeklare unghøns frå kyllingoppdrett som leverer høns til eggprodusentar. Ver obs! på at her har alle hanekyllingane blitt avliva ved kverning (evt gassing) som nyklekte. Du vil kanskje ikkje vere med å støtte slik sløsing med liv og bør då velje eit av alternativa over.

        

          Høns, kyllingar og rugeegg finn du for sal ved å leite på finn.no, ulike forum eller grupper på Facebook eller ved å kontakte hønseeigarar eller Norsk Rasefjærfeforbund. Industrihøns som skal bytast ut finnes det sikkert også i nærleiken, det gjeld berre å finne ut kven som har.

EmojiEg sel også rugeegg, kyllingar og høns om eg har nokre til overs.Emoji  

 

          Hønseflokken treng:

  • Tørt, trekkfritt og rovdyrsikkert hus med vagle, verpekasse, fôr og vatn.
  • Hønsegard eller uteområde med moglegheit for å sandbade, grave og kvile under noko. Høns er opprinneleg jungeldyr og trives best i eller under vegetasjon som buskar og kratt.

         

          Det finnes ein del info om hagehøns på nettet. Greie søkeord er "backyard chickens" og "höns i trädgård". Berre hugs at ikkje alt ein finn på utanlandske sider passar til norske forhold.

          Eg anbefaler Fredhønseforumet på AlternativFred, der er det mange kunnskapsrike folk. Det finnes også eit tilsvarande nytt norsk forum, FredBondeknølaneFred. Eg oppmodar alle interesserte til å registrere seg og delta der.

 

          Dei to bildene under er lånt av Lina og Stefan i Danmark. Denne høna kom frå eit hønsehus med den nye "miljøinnreiinga" (bur)... Vi veit at dødeligheten er enda høgare i "frittgåande" og "økologisk" eggproduksjon...  

            

Denne høna måtte avlivast, men fleire av søstrene hennar fekk eit nytt liv takka vere Lina og Stefan.

 

 

Tidlegare burhøne som fekk ein ny vår her på Skiftestad, her i full gong med å grave etter mark.

         

Har du det for travelt til å ha høns? Bli hønsehaldar ilag med naboar eller vener!

Har du ikkje hage er vaktlar eit alternativ. Desse kan du ha inne eller på balkongen.

         

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013