Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                  Archie Duncanson

Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer

 

          Kaniner:

Gjødsel          Kjøt          Miljøvennleg

         

          Kaniner lever av gras, urter og kvister du kan sanke i ditt nærmiljø. Ein treng ikkje å hogge ned regnskog for å produsere fôr til kaniner! Om vinteren et kaninene høy og lauv ein har tørka og lagra frå sommaren, samt friske greiner og grønnsaker. Små mengder korn, brød eller solsikkefrø kan ein også gje som ekstra næring.

          Det er viktig at kaninene et nok fiberrikt gras eller høy for å halde fordøyinga i orden.      

EmojiLes meir om fôring av kanin herEmoji

 

          "Kjære Moder Jord! Takk for maten du gir oss! Eg bed om at menneska opnar augene sine og ser kor maten kjem frå, slik at dei sluttar å sløse og byrjar å behandle naturen og dyra med respekt! Amen!"

 

          Under 2. verdskrig var kanin ei viktig proteinkjelde i mange heimar, også i byar.

FredHer er ein filmsnutt på 1/2 minutt som viser ein felles kaninstall i Oslo under krigen.Fred

 

          Kor stort areal og kor mange kaniner treng ein for å vere sjølvforsynt med kaninkjøt?

Ifølge info eg har funne på nettet et kanina 5% av vekta si i tørrstoff og drikk 10% av vekta si i væske pr døgn.

Ei kanin på 4 kg vil då trenge 200 g tørrstoff pr døgn. Om kanina kun vert fôra på høy vil ho trenge 250 g høy pr døgn. 100 g høy inneheld ca 84 g tørrstoff.

For å dyrke nok høy til å fôre dei 3 avlsdyra i eksempelet under gjennom vinteren, vil ein trenge eit areal på 285 kvm. Då reknar eg at ein får 0,7 kg høy pr kvm og at kaninene vert fôra på høy i 8,5 månadar.

I sommarhalvåret har ein gjerne kaninene i beitebur og/eller plukkar grønt til dei i naturen.

 

Slaktevekta er 55% av levande vekt.

Av slaktevekta får ein 80% reint kjøt.

Desse tala har eg frå ein som driv kaninslakteri i Sverige, så eg reknar med at tala stemmer.

Har ein 3 store kaniner -to hoer og ein hann- og tek to kull i året på kvar ho, vil ein forhåpentlegvis sitje att med 42 kg reint kjøt. Då reknar eg at hoene får 8 ungar som veks opp i kvart kull og at ungdyra blir slakta når dei veg 3 kg. Dette bør vere nok til at ein familie -alt etter storleik- er forsynt med 1-2 middagar kaninkjøt pr veke.

Ei kanin kan ha 4 kull i året -gjerne to tette om våren og deretter to tette om hausten. Eg brukte to kull i eksempelet fordi det truleg er det mest dyre- og miljøvennlege alternativet om kulla vert fødde om våren. Då kan ungdyra vekse opp på beite og mødrene får henta seg skikkeleg inn att før nye kull.

 

               

 

          Det finnes mykje info om kanin på nett. Det kan vere vanskeleg å sile informasjonen om ein er ny og vil lese seg opp på kanin. Ein grei stad og søkje og spørje om det ein måtte lure på er svenske FredAlternativFred eller det nystarta norske forumet FredBondeknølaneFred. Begge stader finnest det fleire som har mykje kunnskap om kaninavl og bruk av kanin som mat.   

 

 EmojiEg har kaniner for sal!Emoji

FredFranskvedder finn du herFred

 

Til topp

 

Cathrine Jacobsen, 2013