Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

Heim  Eigenproduksjon  Dyrke  Høns  Kaniner  Utstyr  Lenkjer

 

          Sjølvdyrka mat:

Rein   God for helsa   Miljøvennleg  

  

      Cherrytomater i vinduskarmen.                 Kvitlauk dyrka i ein haug hestemøkk.

 

          Eg kan ikkje fortelje deg kva du skal dyrke eller korleis du skal dyrke din eigen mat. 

          Før du set i gong med dyrehald må du ha grunnleggjande kunnskap om fôring og stell av dyra. Slik er det ikkje med dyrking av grønnsaker og andre vekstar. Det er berre å setje i gong! Gje deg sjølv lov til å prøve og feile på vegen. Prøv på ny om noko vart mislukka, eller prøv andre sortar. Du kan spørje erfarne gartnarar, lese bøker og google undervegs. Det blir bra til slutt!

          Å dyrke sin eigen mat handlar om kjærleik til og respekt for Moder Jord! Det handlar om å produsere mat utan bruk av gift, utan forureinande transport, utan bruk av lag på lag med plastemballasje. Det handlar om bærekraftig matproduksjon!

          I tillegg til Moder Jord si helse handlar det også om vår eiga helse. Vi har kanskje ikkje "amerikanske tilstandar" her i Noreg -enda? At vi er meir overvektige enn nokon gong, at sjukdommane våre skuldast kosthald og manglande evne til å sjå meininga med livet, og at den oppveksande generasjonen er forventa å døy yngre enn sine foreldre burde likevel få oss til å vakne.

          Skal barna våre bli glade i grønnsaker må vi ta dei med på dyrking og tilberedning av desse vekstane. Vi kan ikkje forvente at ungane skal like grønnsaker dersom den einaste erfaringa deira  er ertestuinga og dei blautkokte gulrøtene dei får servert til dagens middag på kafèen.

          Presidentfrue Michelle Obama og kokk Jamie Oliver er to personar som gjer ein særs viktig jobb innan utdanning av barn og unge i denne samanhengen: 

 

FredJamie Oliver's TED Prize wish: Teach every child about foodFred

"I wish for everyone to help create a strong, sustainable movement to educate every child about food, inspire families to cook again and empower people everywhere to fight obesity." Jamie Oliver

FredInside the White House: The Kitchen GardenFred

 

          Eg synes det er på tide at poteta får tilbake sitt gode rykte! Difor har poteta fått si eiga side her hos meg. Poteter er lette å dyrke, dei gjev stor avling og dei kan brukast til det meste. Om nokon skulle finne på å seie at dei ikkje likar poteter så må det vere fordi dei berre har smaka potetene til "dagens" på kafèen, dei som har lege ferdigskrelte, ferdigkokte og vakuumpakka i vekesvis før bruk. Gje ungane nypoteter med smør, heimelaga potetstappe, ovnsstekte poteter eller kokte poteter med saus, så er eg rimeleg sikker på at dei et.

EmojiDyrk dine eigne poteterEmoji

 

          FredImpectaFred er ein av fleire stader du finn idear til kva du kan dyrke.

 

          Gresskar er spanande å dyrke for både store og små.

  

                         Gresskarspirer                                 Gresskar  Foto: Hilde Haakenstad

 

Rimelege "kom-i-gong"-løysingar:

Pallekarmar kan du vere heldig og få gratis frå ulike firma. Fest gjerne netting i botn for å hindre uønska besøk av jordrotter. Plasser fleire karmar oppå kvarandre til din nye dyrkingskasse er så høg som du ynskjer. Fyrste året kan du f.eks fylle kassen med strøblanda hestemøkk frå næraste stall og setje poteter. Potetplantene og meitemarken syt for at gjødsla vert brutt ned til luftig og næringsrik jord som kan brukast til andre vekstar neste år. I tillegg til poteter kan du m.a. setje jordskokk det første året. Har du ikkje meitemark i hagen kan du grave desse opp or ein grøftekant og ta med heim.

         

 

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013