Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                  Archie Duncanson

Heim  Eigenproduksjon  Dyrke  Høns  Kaniner  Utstyr  Lenkjer

 

       Difor valde eg Urban Matproduksjon som fordjupingsoppgåve

       Eg er glad i dyr og natur. Eg ser at me er på veg i feil retning når me stuar dyra våre så tett saman at dei får fysiske og psykiske problem. Eg ser at det er feil å snakke om "sjølvforsyning" når me er avhengige av soyaen frå Brasil for å produsere "norsk" animalsk protein.  

       Eg er oppteken av kva dagens industrialiserte matproduksjon fører til av lidingar for dyra og øydeleggingar av miljøet, og eg er oppteken av kva me kan gjere for å betre dette. Eg meiner at ei haldningsendring må til! 

       Me er eit folk som sløsar! Eg trur den beste kuren mot sløsing med liv og ressursar er å gje folk eit forhold til maten!

 

       Mitt mål med oppgåva:      

       Delmål:

     - Samle idèar og inspirasjon til korleis bli meir sjølvforsynt med mat.   

     - Finne ut om det går an å produsere betydelege mengder mat på ei vanleg tomt i eit bustadfelt.

     - Inspirere andre til å produsere mat sjølv.

       Eg har fått nye idèar, eg har latt meg inspirere og eg har funne ut at ein kan produsere mat av betydelege mengder kor som helst. Eg har vore med på å påverke fleire av mine venner til ta steget og skaffe seg hagehøns, og eg har byrja på denne nettsida som eg håpar kan inspirere andre i framtida.

       Målet:

       Det eigentlege målet ligg langt der framme, så langt framme at eg ikkje kan sjå det tydeleg. Den dagen så mange har skaffa seg hagehøns at me kan avskaffe dagens fjærfeindustri, og den dagen så mange dyrkar sine eigne grønnsaker at me har lågare CO2-utslepp enn no, den dagen kan eg sei at eg er i ferd med å nå målet!

 

Til topp

Cathrine Jacobsen, 2013