Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                  Archie Duncanson

Heim Eigenproduksjon Dyrke Høns Kaniner Utstyr Lenkjer

 

          Kaniner for sal:

Nokre av vårens kaninungar vil kome for sal og vere leveringsklare veke 21. Årets kull blir:

- Dvergvedder i ulike fargevariantar.

- Liten tysk vedder i viltgrå.

Ta gjerne kontakt allereie no om du er på utkikk etter ei spesiell kanin.

Pris for ein kaninunge er 300,-. Pris inkl. stamtavle og øyremerke 350,-.

Har du ikkje kanin frå før kan du anten kjøpe ei ho og ein hann eller to hoer. Ho og hann må sjølvsagt ha kvart sitt bur eller binge, helst vegg i vegg med netting mellom for best trivsel. Hoer kan ofte bu saman om dei har rikeleg med plass, ellers same løysing som nemnt med nettingvegg mellom. Eg sel ikkje kaniner til eit liv i isolasjon frå sine artsfrender!  

 

Som kjøpar kan du –kva tid som helst og uansett grunn- levere kanina tilbake til meg. Eg skal ikkje ha nokre utgifter/ekstraarbeid i samband med dette. Dvs. at du ikkje får tilbake pengar for kanina, og at du sjølv må syte for transport tilbake til meg. Etter ei evt. tilbakelevering avgjer eg kva som skal skje vidare med kanina. Ved å gje dette tilbodet til dei som kjøper kanin av meg, forventar eg at ingen kaniner blir vanstelte eller sette ut i skogen om kjøpar si interesse eller livssituasjon skulle endre seg.

Kjøpar må vere fylt 16 år!

 

Ta kontakt for meir info :)

cathrine.jacobsen@live.no

 

Til topp

 

Cathrine Jacobsen, 2013