Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                Archie Duncanson

Heim  Eigenproduksjon  Dyrke  Høns  Kaniner  Utstyr  Lenkjer

 

       Fóring av kanin:

       Det finnes mange og sterke meiningar om fóring av kanin. Ein er likevel  einig om at kanina skal ha fri tilgang til godt høy og vatn.  

 

Høy:

 Kanina skal alltid ha fri tilgang til godt høy. Høy inneheld ufordøyeleg fiber som kanina er avhengig av for å halde fordøyinga i orden. Med godt høy meiner eg høy som er slått medan graset framleis har mykje næring og god smak, og som er tørka og lagra etter boka.

Det er best å gje kanina høyet i ein høyhekk, slik at det ikkje kjem urin og avføring i det.

Bakketørka timotei av 1.slåtten har vore favoritthøyet her. Ny eng som inneheld fleire gras- og engbelgvekstar er under utprøving, og håpet er å få tørka høy med eit høgare næringsinnhald.

         

Hesjetørking krev ein del kaloriar, men er mindre energikrevjande enn andre tørkemåtar om ein tenkjer drivstoff og straum. Graset heng på hesjene til det vert tørt.   Om det vert hengjande lenge pga regnvær vil det yttarste laget verte brunt, men graset inni hesja er framleis grønt. 

 

Pellets:          

For å komplettere manglande næringsinnhald i høyet er det vanleg å gje kanina litt kanin- eller drøvtyggjarpellets. Tilrådd mengd er rundt 0,5 dl pellets pr kg kroppsvekt pr dag. Om kanina får for mykje pellets vil ho ete mindre høy. For lite høy (fiber) kan føre til alvorlege problem med fordøyinga.

Pellets inneheld mange importerte ingrediensar, m.a. soya frå Brasil, og er noko ein av hensyn til Moder Jord bør bruke minst mogleg av. Mitt mål er pelletsfri fôring av kaninene.

 

Lyng og kvister:

Kanina bør kvar dag få lyng (f.eks. røsslyng og blåbærlyng) eller kvister (frå tre som f.eks. rogn og selje). Dette er med på å halde fordøying og tenner i orden. 

 

Blåbærlyng og røsslyng hengt til tørk til vinterfôr. Tørka lauv, særleg selje, er også populært vinterfôr.

 

Grønnsaker og frukt:

 Grønnsaker inneheld mange nyttige næringsstoff og er bra for trivselen til kanina. Start med ein liten bit, og sjekk kanina si avføring. Dersom kanina ikkje har hatt laus avføring (synleg blindtarmsavføring), kan du auke mengda neste dag.

Les meir om rotvekstar som dyrefor EmojiherEmoji.

Frukt inneheld mykje sukker og må difor berre gis i små mengder (1 ss pr. dag).

 

 

"Grønt":

Om sommaren kan ein byte ut høyet og pelletsen med ferskt gras og urter som timotei og kløver, "ugras" som løvetann og skvallerkål  m.m.                                                                                                                        

”Grasklippargras” skal ikkje gis til kanina.

 

Bruk ca. ei veke på å gradvis venje kanina til evt. nytt fór.

 

 

Vatn:

Kanina skal alltid ha tilgang til friskt vatn. Drikkeflasker/-automatar er greie i sommarhalvåret. Hugs å sjekke at dei fungerer som dei skal. Om vinteren brukar ein ei skål til å ha vatnet i om kanina bur i minusgrader. Då kan kanina slikke på vatnet om det har frose. I frostperiodar må ein gje kanina nytt vatn 2 gonger pr. dag i tillegg til kålrot, gulrot eller anna væskehaldig fôr.

 

Avføring:

Kaniner har to typar avføring: vanlege luktfrie, tørre kuler, og den stinkande, blaute blindtarmsavføringa. For å få utnytta all næringa i fôret, et kanina blindtarmsavføringa rett frå endetarmen. Dersom kanina legg frå seg blindtarmsavføringa skuldast det gjerne for proteinrikt fór.

Fargen på kanina sin urin varierer. Bli ikkje redd om den er raudorange, det er heilt normalt om kanina t.d har ete grønt.

  

Bakketørking av høy, her "såta opp" vha høygaffel før kvelden.

 

Til topp

     

Cathrine Jacobsen, 2013