Vem kan förändra världen, om inte du och jag? När, om inte nu? Kom, så börjar vi!

                                                                                                                                 Archie Duncanson

"Befolkningsvekst, klimaendringer, press på naturressurser og stigende råvarepriser de siste årene har gjort matsikkerhet til et høyaktuelt og stadig viktigere tema nasjonalt og internasjonalt. I 2050 vil det være 9 mrd. mennesker på jorda. FNs organisasjon for mat og landbruk, FAO, anslår at matproduksjonen innen den tid må øke med 70 pst. for å sikre nok mat til alle. Det er en stor utfordring for verdenssamfunnet å møte en slik utvikling. Global matsikkerhet skapes ved at land utnytter sine naturgitte forutsetninger for matproduksjon og velfungerende handelssystemer. Alle stater har gjennom FN forpliktet seg til å sørge for matsikkerhet for sine innbyggere.

Det er nødvendig at det globale matforsyningssystemet blir mer robust og at verdens ressurser brukes på en bærekratig måte for å produsere mat. Regjeringen ser på den globale matsituasjonen som et viktig bakteppe når framtidig matproduksjon i Norge skal vurderes."

Slik står det skrive i dei første avsnitta av Landbruksmeldinga 2011-2012. Kan me tru på at regjeringa vår er oppriktig opptatt av bærekraftig matproduksjon, eller er dette berre ord?

Å brenne ned regnskog for å dyrke soya, for å fôre opp norsk slaktekylling, vert det rekna som bærekraftig matproduksjon? Me importerer årleg 900 000 tonn soya, korn og andre råvarer til dyrefôr. Soyaen vert frakta frå Brasil, over Atlanterhavet, på oljefyrte skip. Avskoging av regnskog og annan tropisk skog står for ein femtedel av dei globale klimagassutsleppa. Kornet er kjøpt på verdsmarknaden, or munnen på menneske som svelt! I 2011 produserte me 85000 tonn slaktekylling her i landet. I 2013 må produksjonen aukast med 5000 tonn for å dekkje den auka etterspørselen. Slaktekylling vert fôra utelukkande på kraftfôr. Myndigheitene våre fortel oss at kylling er sunt. Aldri før har me ete så mykje kylling som me gjer no -og aldri før har me vore så overvektige som no. Nei, eg seier ikkje at industrikyllingen har skulda, eg seier berre at han ikkje er løysinga!

Lokal matproduksjon på lokale ressursar er ein del av løysinga på dei fleste problema her i verda!!!

Kan me produsere kjøt i Noreg, kun ved bruk av norske ressursar? Ja! Me har store utmarksareal som kan nyttast som beite for drøvtyggjarar i sommarhalvåret. Me er dyktige på produksjon av grovfôr og rotvekstar som kan nyttast som vinterfôr. Tilogmed olje- og proteinvekstar veks villig i Noreg. Problemet er berre at det er "betre økonomi" i å importere soya frå Brasil!

Treng me å auke produksjonen av kylling og storfe for å dekkje etterspørselen? Kan me ikkje heller ete litt meir poteter og grønnsaker? Nokon har fortalt oss at me vert overvektige av å ete poteter. Det er på tide at nokon fortel oss at me no må byrje å dyrke og ete poteter igjen!

Dessverre er økonomisk vekst viktigare enn bærekraft, både for staten og for dei fleste av oss. Filmen under er laga i USA, men den forklarar på ein enkel måte korleis "stoff" verkar også her i Noreg.

"Our enormously productive economy... demands that we make consumption our way of life, that we convert the buying and use of goods into rituals, that we seek our spiritual satisfaction, our ego satisfaction, in consumption... We need things consumed, burned up, replaced and discarded at an ever-accelerating rate." Victor Lebow, economist and retail analyst.

Ifølge Lester Brown frå Earth Policy Institute brukar me globalt sett to tredjedeler meir energi på transport av mat enn på sjølve produksjonen. Me veit at vår transport av varer på kryss og tvers av kloden fører til enorme CO2-utslepp. CO2 i atmosfæren fører til global oppvarming, som igjen fører til klimaendringar og auka havnivå. Klimaendringar og auka havnivå øydelegg avlingar verda over! Det er kanskje ikkje så farleg for oss her i Noreg om me får kornavlinga øydelagd? Me kan berre importere meir!?

Me bremsar ikkje den globale oppvarminga ved å betale miljøavgifter eller spytte inn milliardar for å redde regnskogen. Det einaste som kan bremse oppvarminga er å redusere utsleppa!

Heldigvis lever me i eit fritt land! Me har lov å tenkje sjølv, me har lov å sei kva me meiner, me har lov å handle! Om regjeringa vår ikkje har vilje eller evne til å sørge for at folket et mat som er bra for helsa, for miljøet og for dyrevelferden, ja då får me ta spaden i eigne hender! Me har lov til det! Me har lov til å gå føre som eit godt eksempel! Om me vil!

og tek agronomutdanning. Som fordjupningsoppgåve har eg valt å skrive om "Urban Matproduksjon". Oppgåva vert laga som ei nettside -denne sida her- slik at eg i framtida kan fylle på med nye idèar og ny kunnskap.

I skrivande stund er eg elev ved

. Urban matproduksjon handlar om å produsere maten der folk bur.  Eg håpar sida kan vere til inspirasjon for andre som er glade i dyra og naturen og som ynskjer å leve eit litt meir sjølvforsynt, miljøvennleg og dyrevennleg liv!

er eit stort emne som omfattar alt frå dyrking av salat i vindaugskarmen,

til meir tradisjonell og utradisjonell dyrking og dyrehald i villahagar og

og

som er lenkjer til obligatoriske sider av andre.

På sidene her vil du finne teikna

som er lenkjer til sider eg har laga og

Cathrine Jacobsen, 2013